Table of Contents Table of Contents
Previous Page  48 / 108 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 48 / 108 Next Page
Page Background

48

Fuglehunden 3/15

WWW.BRETON.NO

NORSK BRETONKLUBB

STYRET

Leder:

Hege Meldal

Myklebostad, 8016 Bodø

Tlf: 911 54 152

e-post:

leder@breton.no

Nestleder

Arne Abel-Lunde

Tlf: 977 44 245

e-post:

abellunde@gmail.com

Sekretær

Vidar Berg-Hansen

Tlf: 451 63 671

e-post:

vbh@kraftlaget.no

Kasserer

Kenneth Sveen

Tlf: 980 08 355

e-post:

ke-sveen@live.no

Kontonr: 4213.48.53896

Øvrige styremedlemmer:

Martin Haugestad

Tlf: 909 87 000

e-post:

martin@haugestad.no

Jan Åge Harjo

Tlf: 911 16 508

e-post:

harjo_69@hotmail.com

Olaf Hafstad

Tlf: 957 79 319

e-post: Olaf

Hafstad@live.no

Vararepresentanter:

Hege Tidemann

Tlf: 402 44 797

e-post:

raasokhogda@hotmail.com

Solfrid Lægdheim

Tlf:

e-post:

solfrid.lagdheim@hotmail.com

Valpeformidling

Inger-Lise Ingdal

Tlf 932 65 504

e-post:

valpeformidler@breton.no

AVLSRÅD

Leder:

Svein Hjelle

Tlf: 414 03 277

e-post:

svhjelle@online.no

Henv. om parringer og lign.:

avlsraad@breton.no

Jaktprøvekritikker sendes:

Arne Klingsheim

Askvegen 272b, 5307 Ask

Utstillingskritikker sendes:

Monica Tallhaug

Eidsliveien 51, 1940 Bjørklangen

HENV. OM MEDLEMSKAP/-REGISTER

Jan Monsen

Sandbakkveien 75, 1940 Bjørkelangen

Tlf: 488 66 147

e-post:

janhmons@start.no

WEB-ANSVARLIG:

www.breton.no

Tor Einar Jørgensen

Tlf: 74 01 53 02 / 911 30 918

e-post:

webredaktor@breton.no

NBK-REDAKTØR

Marit Krohg

Tlf: 934 03 826

e-post:

fuglehunden@breton.no

Som nyutnevnt leiar i Avlsrådet er

det visstnok tradisjon å skrive ein

leiarartikkel i FH. Litt av ei over-

rasking å bli spurt av styret om å

inneha dette vervet som har vore

godt skjøtta av andre gjennom

mange år (-og litt sjokkert over

sjølv å ha svart «Ja» til å prøve

dette eit års tid…)

No er eg gjerne over snittet in-

teressert i blodslinjer, avl og kom-

binasjonar og har relativt ofte

vore konsultert av folk som kan

tenke seg å importere hund eller

reise utanlands for å finne avl-

spartnar, så det kan jo verte inter-

essant. Heldigvis har eg fleire en-

gasjerte og erfarnemedarbeidarar

på laget i AR, så det skal nok gå

bra.

Sett innanfrå har AR store ut-

fordringar. Mandatet vi har frå

styret via vedtekne avlsplanar er

sterkt målstyrt, men legg også

begrensingar på korleis vi forval-

tar populasjonen avlsmessig. Vi

skal drive avl ut frå gitte kriterier,

prioritert etter helse (inkl. gemytt),

jakteigenskapar, og eksteriør. Og

vi skal søke å bruke «dei beste»

hundane mest (korleis tolke det-

te, forresten?).

Det eg ser som kanskje den

største utfordringa er å halde ein

breiast muleg avlsbase når det

gjeld blodslinjer. Tilsynelatande

kan det sjå ut som vi har ein svært

variert avlsbase i populasjonen. I

realiteten er det likevel stort sett

dei samme blodslinjene som do-

minerer blant godt dokumenterte

hundar, slik at vi stadig «møter

oss sjølv i døra» når vi skal setje

saman kombinasjonar. Altså er

den effektive avlsbasen eigentleg

nokså snever, dessverre.

Kva kan så gjerast med dette?

Jo, først og fremst vil eg på det

sterkaste oppfordre folk med im-

porthundar eller avkom etter des-

se til å legge seg i trening og stille

på prøver og utstillingar for å få

dokumentert hundane sine. (No

foregår det jo avl også utanom

NBK og AR, der til dels nye og in-

teressante blodslinjer er brukte i

større grad.) Uansett, vi er avhen-

gig av nytt og godt blod i avlen,

kontinuerleg. Difor vil vi i AR no

tilby hjelp både med framgangs-

måte og å finne fram til gode avl-

spartnarar i utlandet, evt. import

av hund. Det er berre å ta kon-

takt!

Vi har snart, gjennom tre avls-

planar (12 år), prioritert jaktlyst

slik den blir tolka på prøver. -

Også fordi det skal vere saman-

heng mellom jaktlyst og viltfinna-

revne. Dette er prøvd gjennomført

ved hjelp av indeksbasert avl.

Kvar hund får avlstall som uttrykk

for antatt ibuande eigenskapar,

der foreldre og søsken sine pre-

stasjonar også spelar ein stor rol-

le, etter kvart også avkom. –Og

det har hatt effekt, spesielt på

jaktlyst, slik at vi no jamnt over

har hundar som «går godt». Verre

er det å finne mange hundar som

er serleg flinkare enn gjennom-

snittet til å finne fugl, kanskje den

viktigaste eigenskapen til ein

jakthund. Ein kan stille seg spørs-

målet om vi no har fått fleire «lyst-

springarar», som har større glede

av å springe enn å

leite etter fugl? Jakt-

prøvemessig er det

sikkert ein fordel. Då

får ein fleire slepp og

fleire sjansar. Men

det er då naturleg å

spørje seg: Kven av-

lar vi for, prøvedelta-

karen eller jegeren ? (Veit nok at

for nokre er dette er som å banne

i kyrkja, men vågar det likevel…) I

alle fall trur eg nok at er du først

og fremst jeger, vil ein moderne

gjennomsnittleg breton fullt ut til-

fredsstille ditt behov når det gjeld

jaktlyst og stort nok søk. Sjå hel-

ler etter hundar med god viltfin-

ner-evne! Eit stort søk (les: stor

jaktlyst), kan jo dessuten ha sine

utfordringar når det gjeld dressur

og kontakt.

Ellers smeltar no snøen. Kroku-

sen og påskeliljene dukkar opp

og det blir snart grønt i lauvsko-

gen. Minner om bandtvang og

flåttmiddel! –Og alternative aktivi-

tetar for våre kjære hundar, som

sykkel- og fjellturar (i sele/band).

Svømming og apporttrening har

også nytteverdi. Appelldressur er

dessuten «ferskvare» og bør hal-

dast ved like!

Landstreffet med spesialutstil-

ling og diverse andre aktivitetar

nærmar seg fort. Dette året er

møteplassen Rognan ved Bodø,

altså midt i Norge, i ein strålande

natur! -Så enten ein bur i Agder-

fylka eller Finnmark, skulle ikkje

vegen bli altfor lang om ein kom-

binerer det med ei ve-

kes ferietur. Her kan det

bli riktig folksomt og

triveleg første helga i

juli. Meld på no!

Bretonhelsing

SVEIN HJELLE

nyutnevnt leder av AR

Styrets spalte v/Avlsrådet

Manusfrist for neste nummer er

20. mai 2015

- stoff til breton-sidene sendes

fuglehunden@breton.no

Den viktigaste eigenskapen til ein jakthund er viltvinnrevna. Her Vinter­

fjellets BP Corona i flott stand foran rypekull. (Foto: Anders Vinje)