Fuglehunden får til stadighet inn meldinger om at fuglehundeiere tar seg til rette og trener ulovlig i andres terreng. Klubbene som arrangerer prøver i Hallingdal har gått sammen om et innlegg, som vi gjengir her:

Ønsket om å få trent hund i fugl får mange til å trene hund i andres terreng. Det er ikke lov, ikke engang utenom båndtvangstiden. (Illustrasjonsbilde: Thomas Bull Enger)
Ulovleg trening av fuglehund er eit problem for prøvesporten i Øvre Hallingdal
I Hallingdal er det 3 fuglehundklubbar som arrangerer jaktprøver, og dette året er det 4 terminfesta arrangement. Det er til dels stor oppslutning om prøvene noko som krev mykje av arrangementskomiteane, mange dommarar og ikkje minst mange egna terreng. Det viser seg å vera vanskelegare å få leige terreng for kvart år. Mest årleg mistar klubbane terreng fordi grunneigarar og jaktleigarar oppdagar aukande tilfeller av ulovleg trening av fuglehundar i områda dei har stilt til disposisjon. Ut over det er det fleire grunneigarlag som melder om stadig større problem med lause fuglehundar i fjellområda til og med i båndtvangstida. Dei som går oppsyn ser at ulovleg treningsaktivitet aukar år for år. Det er naturleg at prøvesporten får sin del av skulda for at hundeeigarar tek seg til rette på denne måten, og grunneigarane stenger derfor områda for prøvearrangørane. Etter § 8 i hundelova skal ein ha grunneigar sitt løyve for å trena fuglehund, og dei som blir observert og tekne risikerar bot etter Viltloven § 46 og § 56 om dei vert melde til politiet. Grunneigarar/jaktleigarar har fleire gonger rapportert tilfella til fuglehundklubbane som med grunnlag i jaktprøveregelverket utestenger førar og hundar frå sine arrangement som regel i to år. Arrangørklubbane er lojale mot kvarandre slik at det ofte fører til utestengning frå alle arrangement i eit større område.
Dersom denne ulovlege aktiviteten held fram står klubbane snart utan terreng til jaktprøvene sine. Då stoppar sporten av seg sjølv. Det er lett å forstå frustrasjon og motvilje når me høyrer at grunneigarar og jaktleigarar får kjeft og ukvemsord når dei snakkar til folk som heilt tydeleg trenar fuglehund i deira områder. Det seier seg sjølv at områda berre skal brukast av dei som har løyve til det.
Klubbane som arrangerer prøver oppfordrar alle til å skaffe seg løyve før dei startar trening. Det er treningskort å få kjøpt i mange gode områder.
Me kan seia det så enkelt at ulovleg trening øydelegg for jaktprøvesporten, og stoppar det ikkje blir det med tida heller ingen jaktprøver i øvre Hallingdal.
Hallingdal Fuglehundklubb
Vestlandets Fuglehundklub
Buskeruds Jæger & Fiskerforening